Bilde av varsler

Vanlige spørsmål

Kva er varsling?

Med varsling meiner ein å seie ifrå om kritikkverdige forhold i verksemda.

Kva kan eg varsle om?

Døme på kritikkverdige forhold du kan varsle om gjennom denne varslingskanalen kan vere mobbing, trakassering, diskriminering, rasisme, misbruk av rusmiddel, mistanke om økonomisk misleghald, tjuveri, bedrageri, korrupsjon, økonomisk utroskap, sikkerheitsmessige risikoforhold og helsemessige farar eller andre forhold du opplev er kritikkverdige og som leiinga bør få innsikt i for å kunne gjere noko med det.

Kan eg vere anonym?

Du kan velge i kva grad varselet ditt skal vere anonymt:

1. Oppgje kontaktinformasjonen din (Ikkje anonym)
Du kan velge å oppgje navn og kontaktdetaljar sånn at SANDS kan ta kontakt for eventuelle ytterlegare opplysningar og halde deg oppdatert om utviklinga i saka. Den person som har ansvar for saka i verksemda som varselet gjeld vil og kunne få opplysningar om din identitet som varslar.

2. Delvis anonym
På varslingsskjemaet kan du velge at du ønskjer å vere anonym for kontaktpersonar i verksemda som varselet gjeld. Det innebærer at SANDS ikkje skal vidareformidle din identitet til verksemda utan forutgåande samtykke. Som advokatfirma har sakshandsamar av meldinga lovas strengaste taushetsplikt, noko som garanterer deg fullt vern av din identitet om du ønskjer å vere anonym overfor verksemda.

3. Opprett anonym brukar (Heilt anonym)
Du kan velge å forbli heilt anonym, sånn at verken verksemda varselet gjeld eller SANDS kan spore din identitet. Vi oppfordrar deg til å lage eit brukarnavn og passord sånn at du kan logge inn på din eigen brukar og følgje med i saka. Verken SANDS eller arbeidsgjevar vil ha moglegheit til å spore din identitet – verken ved logging av varsel eller ved innlogging med personleg brukarnavn og passord.

Kva skjer med varslet eg har sendt?

Utfylt varslingsskjema vil bli sendt direkte til verksemda sitt eksterne varslingsmottak, SANDS. Du vil få ein bekreftelse på skjermen når varselet er motteke.

SANDS vil motta varselet, gjennomføre ei første vurdering og informere varslingsansvarleg hos din arbeidsgjevar, som deretter vil vurdere vidare tiltak i samråd med SANDS. Verksemda besluttar vidare oppfølging og korvidt varselet skildrar forhold som krev ytterlegare undersøkingar og/eller korrigerande tiltak frå verksemda si side.

Er det mogleg å spore min identitet?

Varslingskanalen ivaretek varslaren sin anonymitet ved val av alternativet «heilt anonym» og gjer det umogleg for både SANDS, arbeidsgjevar og andre å spore identiteten til varslar.

Måten løysninga ivaretek anonymitet til varslar på er at sjølve løysninga ikkje er utvikla eller ligg på ein ferdig webplattform, men derimot er laga i rein vbscript og køyrer kun på arbeidsgjevar/SANDS' webservar. Ingen informasjon om varslar vert lagra på webservar såframt varslar har lagt inn kontaktdetaljar sjølv. Ingen informasjon vil ligge på varslar sin PC.

Verken SANDS eller verksemda vil ha moglegheit til å spore din identitet, med mindre du oppgir slik informasjon. IP-adresse vil ikkje loggast, og det vil ikkje vere mogleg å elektronisk spore varslar. Innsendt skjema blir lagra på ein sikker servar.

Får eg tilbakemelding om vidare behandling av varselet?

Om du har oppgitt kontaktinformasjon vil du få ei tilbakemelding om behandlinga av varselet innan rimeleg tid. Tilbakemeldinga vil normalt innehalde informasjon om korleis saka har blitt behandla og om utfallet. Det kan også vere aktuelt at du får informasjon undervegs, dersom behandlinga av varselet vil ta lengre tid.

Om du har valgt å vere heilt anonym vil SANDS kun ha moglegheit til å informere deg om vidare oppfølging i saka dersom du opprettar ein brukar og loggar inn på di eiga personlege, anonyme side. Verken SANDS eller verksemda vil ha moglegheit til å spore din identitet, med mindre du oppgir slik informasjon.

Kva står i lova om varsling?

Ifølge arbeidsmiljølova § 2 A-1 har du som arbeidstakar rett til å varsle om kritikkverdige forhold i verksemda. Varsling skal skje på forsvarleg måte, og bruk av varslingstjenesta blir ansett som forsvarleg. Kravet om forsvarligheit omfattar også at informasjonen som blir gitt i varselet skal vere sann. Usikkerheit bør framgå. Ifølge arbeidsmiljølova § 2 A-4 er gjengjelding mot arbeidstakar som varslar på forsvarleg måte forbode. Dette kan medføre krav på erstatning overfor arbeidsgjevar.